Cup for bedrifter

Bedriftscup er ein cup for bedrifter i Sogn og Fjordane, men det er mest Førde-bedrifter med.
Vi prøvar å engasjere bedrifter frå Florø og andre stadar i nærleiken til å delta.

Gokartcupen

NMK Sunnfjord arrangerer årlig gokartcup for firma/lag/organisasjonar/vvennegjeng osv. i Kråkenesmarka.
Ta med vener eller arbeidskollegaer og meld dykk på gokartcupen. Her er det mykje køyring og moro for pengane.
Gokartcupen er ein lagkonkurranse med 2-5 personar på kvart lag. Cupen går over 4 veker, to kveldar på våren og to på hausten.

Målet er å køyre flest mulig rundar på 2 timar med sjåførbytte kvart femtande minutt. Kvart lag får poeng etter plasseringa og dei 3 beste laga vert premiert for prestasjonen. Vinnar av cupen er det laget som har beste poengsum etter 4 veker. Det vert sjølvsagt gjeve premiar til vinnarane.

Vi brukar utleigekartane i Kråkenesmarka og kartane vert fordelt mellom laga etter loddtrekning.
Nødvendig utstyr som hjelm og dress får du låne av oss.

Resultat 2017

Resultat bedriftscup 2017.xlsx (Excel)