Om autoslalåm

I autoslalåm skal deltakarane på kortast mogleg tid manøvrere bilen gjennom ei bane med fartsreduserande hinder. Bana merkast opp med forskjellige kombinasjonar av plastkjegler som er plassert etter autoslalåm sine reglar. Feilkøyring eller berøring av kjegler gir tillegg til tida ein har brukt. Bilen må tilfredsstille vegtrafikklova sine krav, og deltakarane må ha gyldig førarkort. Konkurransar blir halde der staden tillater det, og kor reglane om tryggleik kan følgjast.