Motocross

Motocross er ein motorsport som køyrast med motorsykkel på eigne baner med anten jord, sand eller liknande som underlag. Løp køyrast vanlegvis over to heat, eller to omgangar. På det meste så kan det vere opptil 30 startande kor dei første 100 meterane er ei rett slette, før dei kjem inn i ein krapp sving. Resten av bana er sett saman av hopp, svingar og vaskebrett (woops) for å halde farten nede.


Bilcross/Rallycross

Rallycross er ein fartskonkurranse som køyrast på tid på ei lukka bane frå 950 til 1400 meter. Det køyrast tre innleiande omgangar med maksimum seks startande bilar i kvar ”heat”, der bilane startar side om side i dei innleiande omgangane.


Gokart/Gokartutleie

Gokart er ei form for motorsport med eit lite motorisert køyretøy på lukka baner. Køyretøyet som kallast for ”karten” har dei fleste komponentane frå ein ordinær bil, men manglar karosseri, hjuloppheng og alt som har med komfort og utrusting å gjera. Den som likar fart og spenning kan møte mange utfordringar i denne sporten.