Om rallycross

Rallycross er ein fartskonkurranse som køyrast på tid på ei lukka bane frå 950 til 1400 meter. Det køyrast tre innleiande omgangar med maksimum seks startande bilar i kvar ”heat”, der bilane startar side om side i dei innleiande omgangane

Om bilcross

Bilcross er ein motorsport for bilar som køyrast entan på reine grusbaner eller på baner med blanda dekke.
Bilcross er den rimelegaste forma for bilsport, og for å motvirke at førarane legg altfor mykje pengar i bilen, finst det ei ordning med tvungen sal til fast pris.
Aldersgrensa for å køyre bilcross på trening er 15 år, og man kan byrje å køyre konkurransar det året ein fyller 16.
Bilcross arrangerast på baner over hele landet, både i nasjonale og lokale turneringar.
Under bilcross-konkurransar er det mogleg å legge inn bod på dei bilane som har kvalifisert seg til finalene(junior). I senior kan man by på alle bilane. Etter siste finale har kjørt har man femten minutt til å leggje inn bod, og dersom det då er fleire som gjev bod på ein bil, så blir det halde trekning om kven som får tilslaget. Boda går føre seg med fastpris, og ein må betale 300 kroner for å få leggje inn bod, og deretter 9000 til forrige eigar dersom man får tilslaget på bilen. Eigarane sjølv kan og delta i bodkonkurransen. Ved eigarskifte fjernast personleg utstyr som sete, belte, dekk (bilen skal leverast med godkjende dekk) og evt FIA nett fra bilen før overdragelse.