Motocross

Motocross er ein motorsport som køyrast med motorsykkel på eigne baner med anten jord, sand eller liknande som underlag. Løp køyrast vanlegvis over to heat, eller to omgangar. På det meste så kan det vere opptil 30 startande kor dei første 100 meterane er ei rett slette, før dei kjem inn i ein krapp sving. Resten av bana er sett saman av hopp, svingar og vaskebrett (woops) for å halde farten nede.

Trening

Treningsbana for motocross, som vart bygd hausten 2004, er no endeleg godkjend av Motorsportforbundet!
Bana er ca 450 meter lang, og er anlagt på indre område av bilcrossbana.
Underlaget er stort sett hard grus av god kvalitet.
Bana er lagd slik at alle, ifrå den heilt ferske nybyrjar til den erfarne køyrar, har ein artig og utfordrande bane å køyre på.

Vi vil no i starten arrangere trening 1 gong pr. veke.
Etter sommarferien tek vi sikte på å arrangere trening 2 gongar pr. veke.
Kvar treninga vil verte leia av ein av klubben sine aktivitetsleiarar for motocross.

Pr. dags dato har vi utdanna 3 aktivitetsleiarar, men treng fleire.
Dess fleire vi har, dess oftare kan vi arrangere trening.
Kontakt NMK Sunnfjord, info@nmksunnfjord.no via e-post viss du er interessert i dette.
Klubben dekkar kostnad med utdanning. Ingen krav til forhåndskunnskap/ferdigheter, alle kan ta dette kurset.