Om bana

For mange er kartsporten den første kjennskapen med bilsport.
Du kan delta allereie frå det året du fyller 6.
Go-kart er ei av de greinene som gir deg størst fartskjensle. Du sitt nær bakken i ein open kart, og farten kan vere opp mot 70-80 km/t i dei minste klassane. I dei større klassane er farten langt høgare. Go-kart er ei grein i vekst. I tillegg til at lisenstalet auker, byggast det stadig fleire baner, også ute i distrikta. Go-kart er ein sport fullt på høgde med andre bilsportgreiner og med svært høgt internasjonalt nivå. Norge har i dag fleire aktive utøvarar som satsar internasjonalt. Nokre vel å fortsette med go-kart, mens andre går over til andre klassar, ofte formelbilklassar.
Go-kart stiller store krav til utøvaren, både fysisk og køyreteknisk. Det krevst derfor mye trening for å nå toppen.

I kvar av hovudklassane er det mange klasser inndelt etter alder og motorvolum.

4 typar lisens i karting

  • Formel K over 85 ccm – Fra og med det året man fyller 13 år.
  • Formel K t.o.m. 85 ccm – Fra og med det året man fyller 9 år.
  • Cadetti Løp – Fra og med det året man fyller 8 år.
  • Cadetti Trening – Det året man fyller 6 år.
     

Vognlisens

Ein kvar deltakar må løyse vognlisens for deltaking i trening og løp. Vognlisensen blir utgjeve av NBF. Ved utgjeving av vognlisens for nybygd kart eller eigarskifte må søknad skjema fylles ut og sendast inn til NBF. Ved fornying av vognlisens kan fjorårets vognlisens sendast NBF med påskrift om fornying.

Klassar

  • Formel Cadetti er klassen for dei yngste. Frå det året du fyller 6 til og med det året du fyller 10. Slureclutch og snorstart.
  • Formel Mini. Frå 9 år. 85 ccm motor uten slureclutch eller 95 ccm motor med elektrisk start og slureclutch.
  • Junior 60. Den heftigaste av “småklassane”. 10 -14 år. Elektrisk start og slureclutch.
  • Formel Yamaha. 100ccm motor utan slureclutch. Populær og rimeleg klasse frå det året du fyller 13.
  • KF3. Internasjonal klasse fra 13 år. Vasskjølt 125cc med elektrisk start og slureclutch. Erstatter ICA/Jr
  • KF2. Internasjonal klasse fra 15 år. Vasskjølt 125cc med elektrisk start og slureclutch.
  • KF1. Internasjonal klasse fra 15 år. Vasskjølt 125cc med elektrisk start og slureclutch.(“Nesten” fri trimming).
  • Rotax Max Challenge. Fra 15 år. Vasskjølt 125cc med elektrisk start og slureclutch.
  • Formula production. Fra 15 år. Ein blandingsklasse med både 2 og 4-takts motorar.
  • KZ2. Internasjonal klasse frå 15 år. Vasskjølt 125cc med 6 gir. Den heftigaste klassen i karting.

Det kan virke uoversiktlig med så mange klassar, så vi anbefaler på det sterkaste at du tar kontakt eller kjem på bana ein av treningsdagane og snakkar med nokon av førarane før du går til innkjøp av utstyr.

Slik kommer du igang

  • Kom på banen ein av treningsdagane og prøv om karting er noko for deg eller dine. Vi har kartar du kan prøve og du vil få ein eingongslisens.
  • Delta på lisenskurs (ein kveld). Lisensen kjem i posten etter nokre dagar.
  • Ja, da er det bare karten som manglar og så er du i gang!

Åtvaring

Karting er ein sport du blir helt hekta på. Det er lærerikt og du kjem i god form. Så viss du ikkje likar å ha det ekstremt gøy, aleine eller saman med borna dine, bør du kanskje vurdere fotball eller andre halv-keisame aktivitetar.